|
Då det å godkjenne
det naturlege menneskeverdet med like og umissande rettar for alle menneske på
jorda er grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda,
og då hån og
vørdsløyse mot menneskerettane har ført til barbariske handlingar som har skaka
samvitet til menneskeretta, er framvoksteren i den verda der menneska skal ha
talefridom og trusfridom og vere løyste frå otte og naud, kunngjord som det
høgste målet for kvart menneske,
og då det er
nødvendig at menneskerettane blir verna om av lover slik at menneska ikkje blir
tvinga til å finne den siste utvegen i å gjere opprør mot tyranni og trælekår,
og då det er
nødvendig å arbeide for betre tilhøve mellom nasjonane,
og då folka i Dei
Sameinte Nasjonane har stadfest trua si i denne pakta, på grunnleggjande menneskerettar,
på menneskeverd og på same rett for mann og kvinne, og har vedteke å arbeide
for sosiale framsteg og betre levevilkår i større fridom,
og då
medlemsstatane har bunde seg til å fremje allmenn vørdnad for pakta og halde
seg etter menneskerettane og den grunnleggjande fridomen i samarbeid med Dei
Sameinte Nasjonane,
og då denne retten
og fridomen må bli godkjend av alle dersom pakta skal bli røyndom,
KUNNGJER
GENERALFORSAMLINGA
DEN INTERNASJONALE
FRÅSEGNA OM MENNESKERETTANE, som skal peike mot eit sams mål for alle folk og
nasjonar. Fråsegna må alltid vere i tankane til den einskilde og dei styrande
og få dei til å styrkje vørdnaden for rett og fridom gjennom undervisning og
oppseding. Dei skal syte for at fråsegna blir allment kjend og etterlevd både i
medlemslanda og i tilsynsområda, og arbeide trufast med dette både på nasjonalt
og internasjonalt grunnlag.
|