| Table of Contents | Words: Alphabetical - Frequency - Inverse - Length - Statistics | Help | IntraText Library |
Internasjonale Fråsegna Om Menneskerettane IntraText CT - Text |
|
|
|
INNLEIINGDå det å godkjenne det naturlege menneskeverdet med like og umissande rettar for alle menneske på jorda er grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda, og då hån og vørdsløyse mot menneskerettane har ført til barbariske handlingar som har skaka samvitet til menneskeretta, er framvoksteren i den verda der menneska skal ha talefridom og trusfridom og vere løyste frå otte og naud, kunngjord som det høgste målet for kvart menneske, og då det er nødvendig at menneskerettane blir verna om av lover slik at menneska ikkje blir tvinga til å finne den siste utvegen i å gjere opprør mot tyranni og trælekår, og då det er nødvendig å arbeide for betre tilhøve mellom nasjonane, og då folka i Dei Sameinte Nasjonane har stadfest trua si i denne pakta, på grunnleggjande menneskerettar, på menneskeverd og på same rett for mann og kvinne, og har vedteke å arbeide for sosiale framsteg og betre levevilkår i større fridom, og då medlemsstatane har bunde seg til å fremje allmenn vørdnad for pakta og halde seg etter menneskerettane og den grunnleggjande fridomen i samarbeid med Dei Sameinte Nasjonane, og då denne retten og fridomen må bli godkjend av alle dersom pakta skal bli røyndom, KUNNGJER GENERALFORSAMLINGA DEN INTERNASJONALE FRÅSEGNA OM MENNESKERETTANE, som skal peike mot eit sams mål for alle folk og nasjonar. Fråsegna må alltid vere i tankane til den einskilde og dei styrande og få dei til å styrkje vørdnaden for rett og fridom gjennom undervisning og oppseding. Dei skal syte for at fråsegna blir allment kjend og etterlevd både i medlemslanda og i tilsynsområda, og arbeide trufast med dette både på nasjonalt og internasjonalt grunnlag. |
Table of Contents | Words: Alphabetical - Frequency - Inverse - Length - Statistics | Help | IntraText Library |
Best viewed with any browser at 800x600 or 768x1024 on Tablet PC IntraText® (V89) - Some rights reserved by EuloTech SRL - 1996-2007. Content in this page is licensed under a Creative Commons License |