Artikkel 23.
Alle har rett til arbeid, til fritt å velje
yrke, til rettferdige og gode arbeidstilhøve og vern mot arbeidsløyse.
Alle har same rett til å få lik betaling for
likt arbeid, utan skilnad av noko slag.
Den som arbeider har krav på rettferdig og god
betaling, så han kan syte for familien sin og seg sjølv på ein
menneskeverdig måte, og om det trengst, få hjelp gjennom andre og utfyllande
sosiale midlar.
Alle har rett til å skipe og melde seg inn i
fagforeningar for å verne interessene sine.
|