Artikkel 26.
Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal
vere kostnadsfri, i det minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære
undervisninga skal vere pliktig for alle. Alle skal ha høve til å få
fagopplæring, og det skal vere like vilkår for alle til å få høgre
utdaning, alt etter dei evnene dei har.
Undervisninga skal ha til mål å styrkje den
menneskelege personlegdomen og auke vørdnaden for menneskerettane og den
grunnleggjande fridomen, fremje skjønsemd, toleranse og venskap mellom
alle nasjonar, folkeslag og religiøse grupper og stø fredsarbeidet til Dei
Sameinte Nasjonane.
Foreldra har førsteretten til å velje kva slag
opplæring barna deira skal få.
|