Artikkel 29.
Alle har plikter andsynes samfunnet, då
personlegdomen til den einskilde einast der kan få frie og fullgode
voksterkår.
Retten og fridomen til den einskilde skal ikkje
vere avgrensa av anna enn det lova tydeleg slår fast for å tryggje den vørdnaden
alle andre har krav på når det gjeld rett og fridom, og dei krav som eit
demokratisk samfunn med rette kan setje til moral, offentleg orden og
allmenn velferd.
Denne retten og fridomen kan ikkje i noko høve
nyttast i strid med formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.
|